KAPELLANKÅKENS MÅL HÅP OG TRU
Den som går inn døra her, skal alltid komma ut att hakket meir opplyst enn då hen gjekk inn.


EIN HYLLEST TIL CORNELIS VREESWIJK
FREDAG 13. MARS 2026 KL. 18.00


Trio Cees er eit hyllestband til Cornelis “Cees” Vreeswijk og hans fantastiske produksjon av viser, balladar og oförskämdheter!
Trio Cees er Petter Tronstad på gitar og vokal, Håkon Widding på store og små gitarar, Roald Haustveit på percussion og Harald Molven på bass.Bandet har hausta mange lovord for Cornelis-tokingane sine, og gjort stor lykke på landets visescenar dei siste åra. Petter Tronstad er ein glittrande fomidlar av den store svenske trubaduren. Så dette vert ein veeeldig fin fredagskveld i Kapellankåken.
Dørene opnar ein halv time før konsert.
VESTKYST FOR FULLT HUS
Vestkyst skapte nydeleg laurdagsstemning i Kapellankåne. Eit band det verkeleg svingar av!

VINTER 2026
GODT NYTT ÅR ALLE SAMAN!
Og velkomen i Kapellankåken. Neste arrangmenet er konsert med bandet Vestkyst, laurdag 17.januar.
Hausten i Kapellankåken!
I år blir det ikkje Langs Linjo (litteraturhelga vår på tampen av august). Men me tek det att med fleire flotte enkelt-arrangement ut over heile hausten.
Velkomen til ein haust med opplysande underhalding og givande sosialisering, i eit hus med sjel og ånd.








VIL DU LEIGA HUSET?
For alle som ynskjer å leiga huset til kultur eller selskap er det berre å klikka seg inn på menyen ovanfor og bli informert og inspirert. Eller send oss ein e-post (klikk e-post-ikonet nederst på sida)






Midt på Voss, eit steinkast frå Jernbanestasjonen og Vangen, ligg huset og eigedommen Ullestadvegen 10. Som ein oase i eit fortetta sentrum. Frå 1906 til 1915 var dette fast bustad for den til ei kvar tid residerande kapellanen i Voss prestegjeld. Sidan august 2023 er huset ein ny kulturscene på Voss, med folkeopplysning som fanesak. Eit hus der smal og brei underhalding går hand i hand. Ein møtestad med innhald.

Kapellankåken kan brukast til alt frå kulturarrangement, seminar, møter, og selskap. Konfirmasjonar, minnestunder og runde dagar. I menyen øverst på denne nettsida er det lett å finna fram til meir informasjon. Både om huset, om kva som skjer og korleis ein kan leiga huset.






Kapellankåken som stilig selskapslokale.

KAPELLANKÅKENS MÅL HÅP OG TRU
Den som går inn døra her, skal alltid komma ut att hakket meir opplyst enn då hen gjekk inn.
