17.MAI 2023

17.mai heldt kapellankåken ope hus. Og det gjekk over all forventning. Mykje folk, prima stemning, og ein strålande fin energi inn i huset, frå alle som var der, både store og små, unge og gamle. Bak bardisken var det sjølvsagt premierenerver, sidan dette var fyrste gongen. Ville ismaskin, kompressor, tappetårn og oppvaskmaskin funka som det skulle? Det funka!

Tusen takk til alle som hadde baka kaker og lefser og elles hjalp til på alle måtar, med alle aktivitetar.