Kapellankåkens vener har rydda og raka for harde livet, for å ynskja alle velkomne til 17.mai-hygge. Det blir ope hus og tun frå klokka 11 og utover. Open bar og pylsekiosk. Kaffi og kaker. Og eit program som ikkje er fullpakka. Og som gjerne må bli til undervegs. Ta med instrument om det skulle passa slik. Og i alle fall ei blokkfløyte, til blokkfløytestafetten (!). Lotteri kan det fort bli. Med meir. Velkomen!