KAPELLANKÅKENS VENER


Kapellankåken – Opplysningshuset på Voss er eit ideelt as, der alle inntekter går attende til husets ve og vel. Og me i venelaget er sjølve motoren som gjer det mogeleg å gjennomføra arrangement i huset. Og kvar ny Kåk-ven ynskjer me hjarteleg velkommen! Til no har det vore rein og skjer moro, blanda med entusiasme og forventning: Kva kan me få til å skje i dette huset!?
Husnavet
I kapellankåkens vener har me eit styre, kall det gjerne eit husnav, som fordeler oppgåver til dei som har har lyst å vera med. Dette er sjølvsagt basert på at både oppgåve og tidspunkt passar for den som vert spurt. Målet er mange frivillige, slik at det blir nett passe med oppgåver for kvar enkelt ven.
Innmelding
Om du ynskjer å bli med, bruk gjerne epost-lenka under her, og send oss ein epost. Dersom du kan tenka deg å vera frivillig av og til – Hurra! – er det fint om du skriv det, samt telefonnummer. Det set me stor pris på.
Men du er også veldig velkomen i venelaget som reint støttemedlem. Alle i venelaget er automatisk med på ei e-postliste, slik at ein med ulike mellomrom får eit nyheitsbrev med oppdatering og info om slikt som skal skje.
post@xn--kapellankkensvener-dub.no
Kapellankåken er hjelpelaus som venelaus!
Pengegåve
Det er ingen medlemsavgift i Kapellankåkens vener. Men me har gjort det mogeleg å gi ei økonomisk gåva til huset, for dei som måtte føla for det. Gå då gjerne til den velkjende Vipps og tast inn Kapellankåken eller #811528
Glimt frå dugnads- og frivillig-festen i juli 2023 (før off. opning). Kapellankåken fekk steiketakka – og røra (!) – frå Morten Grantangen og då fekk venelaget fart på lappesakene!




