KULTURARRANGEMENT LEIGE
Kapellankåken eignar seg svært godt til ulike typar kulturarrangement. I eit oppsett kun med stolar er makstalet 90. Men då er det også fullt.
Å leiga huset for å arrangera eit kulturarrangement kostar 4.500,–
Dersom arrangementet er ope for publikum, blir det i tillegg 500,- for ein arrangementsansvarleg frå kapellankåken.
Det er eit vilkår for denne prisen at Kapellankåken held baren.
Huset er utstyrt med scenemodular, scenelys, mikrofonar, både til tale og song, samt lyd og bilde. Alt av særs god kvalitet, og med eit enkelt handterbart oppsett. Dette utstyret kan ein leiga det ein treng av.
Ta kontakt via skjemaet under her, og takk for interessa!