LANGS LINJO 2023 – KVA SKJEDDE?

Den fyrste Langs Linjo er over. Og den gjekk på skinner. Meir er det ikkje å seia om den saka. Tusen takk til alle som medvirka, alle som hjalp til, alle i salen som lo, alle som fekk noko å tenkja på, alle som vart rørt, og alle som ville heimatt for å lesa meir. Og sjølv om Langs Linjo står i tekstens teikn, så oppsummerer me med bilete. Stemnings-foto frå kvart arrangement. Dei er rimeleg talande dei òg. Og så håpar me å kunna by inn att til ny litteraturfestival neste år. Bank i bordet.