OM LANGS LINJO 25.–27.AUGUST
Endeleg ein litteraturfestival på Voss!
Verdshistorias fyrste Langs Linjo går over tre dagar, frå fredag til sundag, og blir arrangert av Kapellankåken – Opplysningshuset på Voss. Ein ny kulturscene i ein totalrenovert prestegard frå 1906, initiert av vossingane Trude Storheim, Jan Stedje og Linda Eide. Forfattar og kulturarbeidar Marit Eikemo er hyrt inn som kurator for litteraturprogrammet.
Langs Linjo er meint å stå i stil med Kapellankåkens visjon: Eit hus for levande formidling og engasjerande folkeppplysning. Namnet Langs Linjo kjem altså av den geografiske plasseringa langs toglinja til Bergensbanen, som har knytt saman vest og aust sidan opninga i 1909. Togreisa blir rekna for å vere ein av Europas vakraste, og er i seg sjølv eit poetisk utgangspunkt for ein litteraturfestival. Både huset og tunet ligg berre eit steinkast frå Voss jernbanestasjon. Så både festival og hus ligg altså langs linjo.
Me sel ikkje pass til festivalprogrammet, men enkeltbillettar, sidan det ikkje er plass til så alt for mange i huset. Ver obs på at Langs linjo – Språksjov spesial blir arrangert i Voss kulturhus. Alt anna vil foregå i kapellankåken.
Velkomen skal du vera!