LEIGE AV SELSKAPSLOKALE FOR PRIVATPERSONAR
Kapellankåken eignar seg godt som selskapslokale til konfirmasjon, dåp, runde dagar og andre hyggelege sosiale lag. Det er fullt servise til 50. Vinglas til endå fleire.
Det er moderne kjøkken, med kjøleskap og oppvask-maskiner, som ein kan bruka. Det er ikkje høve til å laga mat sjølv, mens det er komfyr for oppvarming av mat. Så det er ideelt for catering eller medbrakt mat.
Ev. bruk av videokanon og lerret er inkludert i pris. Dersom ein i tillegg skal bruka mikrofonar kan ein leiga dette. Huset har profesjonelle mikrofonar som er enkle å kopla opp. Både handhaldt mikrofon og bøylemikrofonar. (sjå leigeprisar under)
Prisar
Pris for konfirmasjon og anna som krev at ein har tilgang kvelden før er kr. 9.000,– .
Pris for å leiga huset som selskapslokale er kr. 7.000,- per dag.
Dersom det skal vera skjenking og bar, er prisen 5.000,- Då held kapellankåken baren (kapellankåken har ikkje høve til privat skjenking)
Baren stengjer ved midnatt. Huset stengjer i regelen ein halv time etter det.
Vask
Dersom ein i tillegg vil ha utvask, kostar dette kr. 2000,–
Teknisk utstyr
Huset har lyd og bildeutstyr som er av topp kvalitet, med enkelt og tilpassa oppsett. Trådlause mikrofoner, videokanon og lerret. Oppkopling til internettoverføring, teams osb.
SJÅ OVERSIKT OG PRIS TEKNISK UTSTYR
Dersom du ynskjer å leiga eller lurar på noko meir, ta kontakt via skjemaet nederst på denne sida.
Kapellankåken er eit ideelt as, og har i sin føremålspragarf at all inntekt skal gå til huset ve og vel. Så pengane for utleige går altså attende til huset. Takk for interessa!