OM DEI SOM ER MED LANGS LINJO

ALFRED FIDJESTØL

BJØRNAR KALDEFOSS TVEITE

DAG HELLEVE

ERLEND NØDTVEDT

FRODE GRYTTEN

GUNNSTEIN AKSELBERG

HALVOR FOLGERØ

HERBORG KRÅKEVIK

LINDA EIDE

LIV BERNHOFT OSA

MARIUS KLOVNING

MARIA HORVEI

MARIT EIKEMO

MORTEN QVENILD

NILS HENRIK SMITH

RUTH LILLEGRAVEN

SJUR HJELTNES

THERESE G. EIDE

THOMAS LUNDBO

+ OVERRASKINGAR

Alfred Fidjestøl 

Alfred Fidjestøl (f. 1973) har gitt ut ei rekkje biografiar og historieverk. Han blei nominert til Brageprisen i 2013 og 2020, til Kritikarprisen i 2015 og 2017, og han er den første sakprosaforfattaren nokosinne til å motta Gyldendals Sult-pris. I 2017 fekk han Språkrådets språkpris for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Fidjestøl fekk Samlagsprisen 2022 for forfattarskapen sin.

Liv Bernhoft Osa

Liv Bernhoft Osa  (f. 1957) debuterte i 1979 på Nationaltheatret, der ho har vore tilsett sidan, , med permisjonar for gjesteroller på andre teatre og i film. Osa mottok Heddaprisen 2011 i kategorien for beste kvinnelege birolle, for si tolkning av Fru Fåttnok i Dea Lohers Uskyld samme år. Ho Amandaprisen i klassen for beste kvinnelige hovedrolle for Pyromanen i 2016.

Thomas Lundbo

Thomas Lundbo (f. 1971) debuterte i 2006 med den kritikarroste kortprosasamlinga Det som blir igjen. For Karakterer, etter la Bruyère (2014) blei Lundbo nominert til Brageprisen. Han har òg verka som gjendiktar og omsetjar, i all hovudsak av nyare fransk litteratur, og fekk i 2012 Bokklubbenes skjønnlitterære omsetjarpris for sin omsetjarskap.

Marit Eikemo

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho er forfattar og kulturarbeidar med lang erfaring frå festivalarbeid. Ho debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også gitt ut novellesamlinga Hardanger og essayboka Samtidsruinar. Eikemo mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.

Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin, som no er ein del av Voss Herad, og der ho no igjen er busett. Ho debuterte som forfattar i 2005 og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. Lillegraven er mest kjend for diktsamlingane sine, men har òg skrive ein roman, skodespel og psykologisk thriller, i tillegg til biletbøkene for barn, om Mari og Magnus.

Maria Horvei

Maria Horvei (f.1988) kjem frå Bolstad i Voss kommune. Ho er journalist, skribent, kritikar og no forlagsredaktør i Aschehoug. Tidlegare har Maria har jobba i musikkmagasinet Lydverket på NRK, i Dagbladet, Dagens Næringsliv og Klassekampen. Frå 2018 til 2021 var ho redaktør i tidsskriftet Vinduet, som yngste redaktøren der nokonsinne. I fjor kom hennar kritikarroste romandebut, Gratulerer med dagen

Frode Grytten

Frode Grytten (f. 1960) har skrive bøker i dei fleste sjangrar og nådd eit stort publikum. Han har mellom anna vunne Brageprisen, Rivertonprisen og Nynorsk litteraturpris, og bøkene hans er omsette til 15 språk. Grytten har dessutan markert seg som ein scenepersonlighet av rang, med Frode Grytten Beat Band, og meir uventa, med hysterisk komiske imitasjonar og parodier. I tillegg skriv han for teaterscenen og står sjølv på teaterscenen. Framsyninga hans «Djevelen og eg», på det vestnorske teateret, vart nominert til Hedda-prisen i 2022.

Morten Qvenild

Morten Qvenild  (fødd 1978) er ein norsk jazzpianist og bandleiar. Han er kjend frå ei rekkje innspelingar, og har mellom anna spelt i Østenfor Sol med m.a. Ole Jørn Myklebust, saman med Myklebusts OJ Trio, Shining og Jaga Jazzist. Han etablerte In The Country med medstudentane Roger Arntzen på bass og Pål Hausken på trommer. Qvenild er «orkesteret» i Susanna & the Magical Orchestra , og er også med i Jon Klette kvartett, The National Bank og Solveig Slettahjells The Slow Motion Quartet. Han deltok i 2003 og 2004 på turné med Nils Petter Molværs «Khmer» og med Bertine Zetlitz band, og “Område 51” er Frode Grytten og Morten Qvenilds kritikarroste tingingsverk til Kongsberg Jazzfestival i 2018. 

Sjur Hjeltnes

Sjur Hjeltnes (f.1974) er klassisk pianist og seriøs komikar, frå Voss. Heilt frå dei ytterste skjær til kongens slott har han kome med sine særeigne tankar tenkt frå pianokrakken. Han har studert ved Griegakademiet i Bergen og Ecole Normale de Musique de Paris, han har spelt det meste, frå Deep Purple og Fartein Valen og han har vore kapellmester, skodespelar og komikar i alt frå revy til samtidsteater. Frå 2003 til 2010 spelte han med Nordic Tenors, og i 2006 vann dei komiprisen ilag. Sjur har etter det hatt fleire soloframsyningar, og sidan 2017 har han vore fast kapellmeister, og sidesparkar i Eides språksjov, på NRK1. Sjur er utdanna kantor og er fast tilknytt Nygård kirke som organist –  når han ikkje underheld på ulike scenar rundom om i landet, då.

Linda Eide

Linda Eide er NRK-journalist, forfattar, programleiar, kåsør,  som òg har laga eigne framsyningar for teater og scene. Sidan 2017 har ho vore programleiar for Eides språksjov, språkprogrammet, med berre vossingar på scena (!) som er blitt laurdagsunderhalding på NRK 1. Eide har vunne fleire prisar for  journalistikken sin, bla.a. Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, Gullruten for beste programleiar, Mållagsprisen. Riksmålsforbundets språkglede-pris, Melsomprisen, og Christieprisen (saman med Gunnstein Akselberg).  Eide har gitt ut seks bøker i ulike sjangrar. 

Gunnstein Akselberg

Gunnstein Akselberg (f. 1949) er vossing frå Hagebyen, busett i Bergen. Akselberg er professor emeritus i nordisk språkvitskap ved universitetet i Bergen. Å ramsa opp heile Gunnstein si akademiske karriere vil ta heile internettplassen i verda, men det dei fleste i dette landet kjenner han som, er ein særs god formidlar i radio og fjernsyn. Ikkje minst har det tatt av når han no sidan 2017 har vore fast medlem i Eides språksjov, sendt som laurdagsunderhalding på NRK1. Der briljerer han både som særs seriøst språkekspert og underhaldande med på leiken-professor. For dette vart han i 2021 tildelt Universitetet i Bergen sin høgthengande formidlingspris, Christiprisen. For  som det heitte «det langvarige arbeidet med å formidle godt språk og språklege fenomen i norsk». Prisen fekk han saman med programleiar Linda Eide. Og så er det ein funfact for mange musikkinteresserte at Gunnstein er bror til bror sin, Arne Akselberg. Renommert lydteknikar i Abbey Road Studios i London. Og Gunnstein er òg særs musikkinteressert. Muse på Brann stadion den eine dagen, torsdagskonsert i Grieghallen neste dag.

Therese G. Eide

Therese Garmannslund Eide (fødd 1978) er teikneserieskapar og  liveteiknar. Ho lagar stripeserien Intet nytt fra hjemmefronten, som er blitt publisert i ei rekke aviser, mellom anna Dagbladet. Eide har også skrive barnebøker og  illustrert Janne Stigen Drangsholts Fra Shakespeare til Knausgård. I juni 2023 blei ho månedens illustratør i Norsk barnebokinstitutt

Nils Henrik Smith

Nils Henrik Smith (f. 1980) kjem frå Stavanger og Bryne. Han debuterte med romanen Manhattan Skyline (2007) som han fekk Tarjei Vesaas debutantpris for. Sidan kom to kritikarroste romanar, Austerrike (2009) og Se ilden lyse over jord (2014). I tillegg har han skrive fleire bøker og artiklar om fotball, mellom anna 11 meter, om straffesparkets historie (2020). I 2024 kjem boka om nordmenns forhold til engelsk fotball. 

Erlend Nødtvedt

Erlend O. Nødtvedt  fra Bergen debuterte med diktsamlinga Harudes i 2008, og har sidan utgitt diktsamlingane Bergens beskrivelse (2011), Trollsuiten (2014) og Slekter (2019) – og romanane Vestlandet (2017) og Mordet på Henrik Ibsen(2021).  Nødtvedt  har frå første bok vore ein kritikarfavoritt med sin særeigne, energiske og viltre skrivemåte. Han har fått ei rekke prisar og stipend for forfattarskapen sin. Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival kåra til ein av dei ti fremste unge norske forfattarane i 2015. 

Halvor Folgerø

Halvor Folgerø (f 1967) er forfattar, musikar og journalist. Han er oppvaksen på Stord, og har jobba i NRK i ei årrekkje.  Han har tidlegare skrive to bøker saman med Finn Tokvam, romanen Tyl  og samtaleboka Ler dei no så har eg vunne. Eit portrett av Ragnar Hovland.  I 2021 og 2022 gav han ut to bøker om livet langs dei ville og spektakulære vestlandsvegane, til svært god mottaking. 

Herborg Kråkevik

Herborg Kråkevik (f. 1973) Multitalentet frå den perifere fjellgarden i Jondal, der einaste publikummet ho hadde var sauene på garden. Men før ho vart tjue hadde ho erobra heile landet med si stemme, sine tolkingar av den norske songskatten, sine komiske parodiar, og ikkje minst med teateroppsetjingar som Funny GirlMy Fair Lady og Hellemyrsfolket. Og seinare i med gigantsuksessane Herborgs verden og Herborg Kråkevik. I 2000 gav ho ut Kråkeviks songbok, som selde til fire gonger platina og låg fire veker på fyrsteplassen på VG-lista. Ho  vart også årets spelleman det året. Dei seinare åra har ho gitt liv til den gamle julehefte-tradisjonen, med sitt moderne julehefte Juleroser. Der skriv kremen av norske forfattar nye historier, musikarar skriv nye jolasongar, og biletkunsten spelar ei stor rolle.

Dag Helleve

Dag Helleve (f. 1951) er forfattar, lærar og naturvernentusiast frå Voss, som har skrive ei rekke bøker om musikk, natur, politikk. Han debuterte i  1985 med romanen Brøyt, som skildrar eit moderne anleggsmiljø på Vestlandet i tradisjonen etter Kristoffer Uppdal og Kjartan Fløgstad. I fleire av bøkene blir det spelt på motsetnader mellom arbeidarkulturen og den nye ungdoms- og underhaldningskulturen. Han har skrive både sakprosa og skjønnlitteratur, og for barneboka Kubarnaren fekk han nynorsk barneboklitteraturpris i 1999. 

Marius Klovning

Marius Klovning er ein gitarist frå Voss, busett i Oslo. I  tillegg til å spele i band som Hullyboo og Skadedyr, har Klovning gjeve ut to album med eigenkomponert musikk: Hagebyen i 2018 og Late Nights, Early Mornings i 2021. Den siste er gitt ut på CD over heile verda av det kjende plateselskapet “Naxos” og fekk blant anna 5/6 stjerner av Arvid Skancke-Knutsen i Klassekampen.

Bjørnar Kaldefoss Tveite

Bjørnar Kaldefoss Tveite (f.1987) Er  jazzbassist, kjem frå Voss, og er kjent frå band som Hullyboo og Morning Has Occurred. Tveite knytta musikalske band til gitarist Marius Klovning alt på Voss ungdomsskule. Sidan har dei spelt saman i ulike samanhengar. Dei starta bandet Hullyboo, sammen med trommeslager Mats Mæland Jensen. I 2009 vann dei konkurransen Jazz i sikte saman med trioen Lugom, der Tveite samarbeider med Marte Eberson og trommeslager Andreas Wildhagen. Sammen med Natalie Sandtorv, Marte Eberson og Ole Mofjell, spelar Tveite på scenar i Europa og i Japan med kvartetten Morning Has Occurred.

NFFO Norsk Faglitterær forfatter- og oversetterforening sin logo