Midt på Voss, eit steinkast frå Jernbanestasjonen og Vangen, ligg huset og eigedommen Ullestadvegen 10. Som ein oase i eit fortetta sentrum. Frå 1906 til 1915 var dette fast bustad for den til ei kvar tid residerande kapellan i Voss prestegjeld. No er huset i ferd med å bli ein ny kulturscene på Voss, med folkeopplysning som fanesak. Eit hus der smal og brei underhalding går hand i hand.
Kapellankåken kan brukast til alt frå kulturarrangement, seminar, møter, og selskap. Meir om dette her. Kapellankåken kan brukast til alt frå kulturarrangement, seminar, møter, og selskap. Meir om dette her. Kapellankåken er eit ideelt as, eit der alle inntekter går til å dekka rehabiliteringa og ombygginga av huset.
Tjuvstartarrangement 1: Vossa Jazz arrangement i kapellankåken, 2023. Dag Helleve med band.
FILM. Trykk på bildet for å sjå filmen frå den aller fyrste dugnaden, januar 2022. Riving for fulle mugger. Ikkje berre eit vakkert syn, men det måtte til. Og det var mykje spennande som taut ut frå vegger og tak.
Det nye kapellanane. Initiativtakarne til Kapellankåken, Draumen & Visjonen: Eit hus for underhaldande folkeopplysning og levande formidling. Helsing Jan, Trude og Linda
Tjustartarrangement 2: Kapellankåken heldt ope hus 17.mai, og det gjekk over all forventning. Mykje folk heile dagen, og prima stemning. Synging, prating, kaffi og kaker, bollar og brus og loddtrekning med ekstra godt humør. Sjå bildegalleri her.
Ein del av dugnadsgjengen juni 2022
Tjuvstart som selskapslokale. Stilig oppdekka til konfirmasjon.
17.Mai i Kapellankåken. Folke kosar seg i vårsola.