PROGRAM LANGS LINJO

Bøkene kjem. Forfattarane kjem, henta frå øvste hylla. Det blir samtalar, konsertar, sjov, opplesing, sportshjørna. Alt samla i Kapellankåken – Opplysningshuset på Voss. Ein ny og intim kulturscene i ein totalrenovert prestegard frå 1906, berre eit steinkast frå Vangen sentrum og Voss jernbanestasjon. Så både festival og hus ligg altså langs linjo. Velkomen!

Plakaten Langs Linjo littearturfestival på Voss
Den fyrste Langs Linjo 25–27.august

Me sel ikkje festivalpass. Det er rett og slett for liten kapasitet til det. Så fleire enkeltbillettar er altså tingen her.

For overnatting er det under festivalen muleg å tinga rom på Kringsjå. Kontakt post@ringheimkafe.no eller tlf 901 10 172

PROGRAM

FREDAG 25. AUGUST


SKULEPROGRAM

Elevar på Voss får møta fleire av landets dyktigaste forfattarar og serieskaparar. Ruth Lillegraven, Alfred Fidjestøl og Therese G. Eide. Med er også ei av våre fremste skodespelarar, Liv Bernhoft Osa.

09:00 Alfred Fidjestøl og Liv Bernhoft Osa i Kapellankåken
10:00 Ruth Lillegraven i kultursalen Voss Kulturhus/Biblioteket
11.50 Therese G. Eide i kultursale Voss Kulturhus/Biblioteket

NB: Dette er lukka program for elevar.

I KAPELLANKÅKEN


12:00

PER DU LYG!

ALFRED FIDJESTØL. LIV BERNHOFT OSA. Per Sivle, brennande debattant og nasjonal skald. Vossastubbane var friminuttet hans frå alvoret, og sanninga i sannsogene såg han like stort på som kjeldene hans gjorde det. Eller som det vart sagt: Det var ikkje det at Sivle laug så fælt, men han snakka så sant når han laug. Det kan vera stor kunst å lyga, har Sivle sin lygekunst tålt tida?


14:00

KAN VY REDDA SKINNET SITT?

THOMAS LUNDBO. MARIT EIKEMO. Kan tidenes togtur redda Vy? I 2019 vart NSB, kanskje Noregs mest kjente og innarbeida merkevare, bytta ut med Vy, som betyr utsikt, oversyn, store ambisjonar. Prislappen for design, grågrønne tog og promotering av namn, var svimlande. Samtidig opplevde folk langs linjo at det blei meir tull med tog og avgangar enn nokon gong før. I Thomas Lundbo sin siste roman, Den som jubler sist, slit Vy med omdømmet. Så får dei ein genial idé, ein togtur som sprengjer alle grenser!


16:00

GRATULERER MARIA OG RUTH

MARIA HORVEI. RUTH LILLEGRAVEN. MARIT EIKEMO. Det er god grunn til å gratulera både Maria Horvei og Ruth Lillegraven. Maria som kritikarrost debutant, med boka Gratulerer med dagen, og Ruth som etablert forfattar med gjeve litterære prisar på troféhylla. Ruth har nyleg flytta heim til Granvin og familiegarden. Maria bur framleis i Oslo, men i debutboka hennar er det lett å lesa inn oppvekst i ei grend på Voss. Er heimstaden berre til inspirasjon eller er det noko slitsomt òg med alle denne bygde-bakgrunnen? Møt debutanten og veteranen i samtale med forfattar Marit Eikemo.


18:00

FRODE GRYTTEN 57 METER OVER HAVET

FRODE GRYTTEN. MORTEN QVENILD. Det perfekte verket til Langs Linjo. Ei reise i tid og tog, og jernbanestasjonar meter over havet. Sune Eriksen sine foto frå kvardagen på og rundt perrongen syner stasjonane si rolle, Ikkje berre for å bringe oss dit vi skal, men også minne oss på kor vi kjem frå. Nokre gonger må vi reise bort for å komme heim. Og dette er jo Frode Grytten heilt eineståande god til, å knyta saman tekst, bilde og musikk. Slik at det går opp i ei poetisk høgheit som tek oss ned og løfter oss opp.


20:00

KOK I KÅKEN

Litterær og musikalsk koking med utfall og innfall. Lett å skriva at alt kan skje, for det kan det jo. Laus snipp, låge skuldrer og god stemning kan me i alle fall garantera.

LAURDAG 26. AUGUST


12:00

INTET NYTT FRA HJEMMEFRONTEN

THERESE G. EIDE. Herleg kaosliv i striper. Då serieskaper Therese G. Eide fekk 3 barn på 21 månadar, blei livet snudd totalt på hovudet. Og med daglege striper å levera til avisene vart det eit tidsspørsmål om å overleva som kunstnar. Alt som skjer privat må brukast profesjonelt, og det har vist seg å vera ei suksessoppskrift. Intet nytt får hjemmefronten har fått ein stor fanskare over heile landet. Therese er sjølv påvirka av klassiske teikneseriar, og i samtale med Linda Eide (som har lært det ho veit om Romeriket gjennom Asterix) demonstrere ho både strek og humor.


14:00

HURRA ME OPNAR!

DEI NYE KAPELLANANE. HERBORG KRÅKEVIK. HØGT PÅ STRÅ-FOLK. VANLEGE FOLK. Bli kjent med huset inkludert offisiell opning av Kapellankåken – opplysningshuset på Voss. Høyr historia om både den gamle prestegarden og det nye opplysningshuset. Det blir kåksjov, snorklypping, lett servering av slikt me ikkje kan reklamere for. Men det me kan reklamere for det er Herborg Kråkevik. For kva er det med Herborg og tapeten i Kapellankåken? Kom, sjå og høyr!


16:00

LANGS LINJO – SPORTSHJØRNA

NILS HENRIK SMITH. LINDA EIDE. & FLEIRE. Kulturinnhaldet i Kapellankåken har nokre ufråvikelege pilarer. Sport er ein av dei. Så sjølvsagt vert det litterært sportshjørna. Forfattar Nils Henrik Smith har skrive bok om straffesparkets historie, og lokale heltar fortel om klubben i sitt hjerte, som jo ofte er ein middels god fotballklubb i ein av dei lågare divisjonane i engelsk fotball. Korleis har det seg? I mangel av Øyvind Johnsen (RIP) steppar Linda Eide inn som programleiar for sportshjørna.


18:00

POETEN MED DET KNUSTE SØVNHJARTA

ERLEND NØDTVEDT. MARIT EIKEMO. I si siste diktsamling, Olav Nygards seng, gjenerobrar Erlend O. Nødtvedt den delen av livet som går med til soving, som faktisk utgjer ein tredel av tida vår her på jorda. Og nattas alvor blir intensivert når den søvnlause poeten får ei heilt spesiell seng inn i huset, senga til den historiske diktarhelten Olav Nygard. Kva for visjonar er det som gøymer seg i den hundre år gamle sengebotnen?


20:00

SPRÅKSJOV LANGS LINJO

LINDA EIDE. SJUR HJELTNES. GUNNSTEIN AKSELBERG.HERBORG KRÅKEVIK. M.M.

Sjov med språk! Linda Eide og Sjur Hjeltnes spelar og fortel og byr inn gjester på høgt nivå. Herbog Kråkevik fortel om boka ho elskar, både som bok og film, og som ho kan utanatt, både som bok og film! Og dersom teknologi-gudane er med oss, er Gunnstein Akselberg også med oss, direkte frå Island. Berre det skulle vel vera verdt billetten. Alle på scena er gjer dette som en dugnad for huset. Kall det gjerne Operasjon kåksjov.


22:00

KOK I KÅKEN

Litterær og musikalsk koking med utfall og innfall. Denne kvelden vert det garantert parodier signert Herborg Kråkevik, nokre litterære vossaspark til Odda er det godt muleg einkvan ikkje greier å halda seg for god til, musikk og moro. Laust og ledig, eller som Trude Storheim brukar å seia, i kveld er det low key!

SUNDAG 27. AUGUST


14:00

PÅ VILLE VESTLANDSVEGAR. FAKTA OG FIKSJON

HALVOR FOLGERØ. ERLEND NØDTVEDT. MARIT EIKEMO. Å køyra på svingete, smale og skremmande vestlandsvegar har eksistensielle dimensjonar, som har inspirert forfattarar i fleire generasjonar.  “Skummel virkelighetslitteratur”, skreiv BT om Halvor Folgerø sine to bøker om vestlandsvegane. I Erlend O. Nødtvedt sin roman Vestlandet, er dei ville vestlandsvegane blitt ein burlesk og regnvåt roadmovie, der hoveskallen til ein halshogd bondeopprørar frå Sogn spelar ei symboltung rolle.


16:00

EIN VEG – EI REISE MED BERGENSBANEN

DAG HELLEVE. MARIUS KLOVNING. BJØRNAR KALDEFOSS TVEITE. Bergensbanen har vore bindeleddet mellom Vestlandet og Austlandet sidan opninga i 1909. Torgreisa blir rekna for å vere ein av Europas vakraste, og er i seg sjølv det poetiske utgangspunktet for Langs Linjo, som me no skal avrunda med forfattar Dag Helleve og musikar Marius Klovning si reise med Bergensbanen i tekst og musikk.


18:00

PUST UT – OPE HUS

ALLE. Historias fyrste Langs Linjo er over. Sikkert nokon som treng snakka ut med nokon. Så Kapellankåken held ope nokre timar til, slik at ingen treng å gå rett heim.


20:00

DØRENE STENGJER

Takk for no, og sikkert ein song!

TAKK FOR ALL STØTTE FRÅ DESSE SAMFUNNETS STØTTESPELARAR


NFFO Norsk Faglitterær forfatter- og oversetterforening sin logo