PROGRAM LANGS LINJO 2024

Bøkene kjem. Forfattarane kjem. Henta frå øvste hylla. Det blir samtalar, konsertar, sjov, opplesing og kok i kåken. Alt samla i Kapellankåken – Opplysningshuset på Voss. Ein ny og intim kulturscene i ein totalrenovert prestegard frå 1906, berre eit steinkast frå Vangen sentrum og Voss jernbanestasjon. Så både festival og hus ligg altså langs linjo.

Årets temaord for Langs Linjo er SPOR.

HJARTELEG VELKOMEN!

Me sel ikkje festivalpass. Det er rett og slett for liten kapasitet til det. Så fleire enkeltbillettar er altså tingen her.

For overnatting er det under festivalen muleg å tinga rom på Kringsjå. Kontakt post@ringheimkafe.no eller tlf 901 10 172.

PROGRAM

FREDAG 30. AUGUST



12:00

LANDET SOM LOVA ALT

SIDSEL WOLD. Som ung reiste Sidsel Wold til Israel, der ho arbeidde som frivillig på ein Kibbutz i over to år. Seinare skulle Midtausten bli hennar altoppslukande arbeidsplass, og ho skulle komma til å møta menneske som forandra henne for alltid. Den mangeårig Midtausten-korrespondenten for NRK, kjem til Kapellankåken for å dela si eineståande innsikt i ei av dei vanskelegaste konfliktane i verda, forholdet mellom Israel og palestinarane.


14:00

BRENNER DELER PRØYSEN

HANS OLAV BRENNER. LINDA EIDE. Hans Olav Brenner har gitt kjende personar høve til å dela sine poesi-favorittar med heile landet. No skal han sjølv få dela sin hjartans poet med oss. Og kven er Brenners eigen favoritt? Ingen over, ingen ved sida, det må bli helten frå Brenners eige barndomsrike, Alf Prøysen. Mannen som formulerte sjelelivet til «vanlege folk» så treffande ømt som det vel er mogeleg å gjera. Og når Brenner deler Prøysen er det nærliggande å tru at det blir song og musikk. Linda Eide lovar i alle fall å nøda han sterkt!


16:00

TINDER & HINDER

WENCKE MÜHLHEISEN. OLAUG NILSSEN. MARIT EIKEMO. Frå midtlivskrise til menopause, samt Tinder for eldre. Har ein sytti år gamal kropp noko å gjera på ein sjekkeapp? Og korleis er det å testa seg for ADHD etter fylte førtifem? Og kva skjer med forfattarane når slike personlege erfaringar blir litteratur til folket? Høyr dei to inn til beinet ærlege forfattarane Wenche Mühlheisen og Olaug Nilssen i samtale med Marit Eikemo.


18:00

SPOR

RUTH LILLEGRAVEN. ANNLAUG BØRSHEIM. RANNVEIG DJØNNE. Spor tek utgangspunkt i Ruth Lillegraven sine tekstar, til musikk av og med Annlaug Børsheim og Rannveig Djønne. Dei tre hardingane følgjer ulike musikalske og litterære spor i denne konsertframsyninga, som er bestillingsverket til årets Langs Linjo. Dette er ein trio det osar kvalitet av!


20:00

KOK I KÅKEN

DIVERSE FORFATTARAR OG ARTISTAR. Det kokte godt i fjor, så me guffar opp varmen også i år. Litterær og musikalsk koking med utfall og innfall. Lett å skriva at alt kan skje, for det kan det jo. Laus snipp, låge skuldrer og god stemning kan me i alle fall lova. Og Brenner har lova å syngja Prøysen!

LAURDAG 31. AUGUST


12:00

SAFT SUSE – DONALDFEST I KÅKEN!

ARILD MIDTHUN. RAGNHILD HOLMÅS. LINDA EIDE. I år fyller verdas mest berømte and 90 år! Det feirar me saman med den briljante og einaste norske Donald-teiknaren, Arild Midthun. Og ikkje nok med det. Ragnhild Holmås som er Donald-forfattar og har skrive sjølvaste jubileumshistoria, blir også med. Milde måne! Me dreg linjene frå Andeby til Vossevangen, og firkantfolket som tralla «på Vossevangen der vil eg bu», snakka nynorsk, og skapte furore. Linda Eide, med ein nokså ukjent karriere som sleip teikneserieseljar på nettopp Vossevangen, skal prøva halda styr på snakkeboblene.


14:00

VOSSAKRIM OG SKALLEBANK

RANDI FUGLEHAUG. LINDA EIDE. Randi Fuglehaug har nasjonal suksess med sin heilt eigen sjanger: Vossakrim. Det skjer spektakulære mord i spektakulære omgivelsar som Extremsportveko, Vossa Jazz og Smalahovesleppet. Og hovudpersonen er den nysgjerrige og junk food-avhengige lokalavisjournalisten Agnes Tveit. Ho har det med å ligga steget framfor politiet, enten ho vil eller ei. Men kven er desse drapslystne vossingane? Fins dei? Og fins det ekte spor av Jazzdivaen Marta Tverrberg? Og kvar får Fuglehaug alle sine idear frå? Linda Eide har kalla forfattaren inn til avhøyr. Spørsmålet er sjølvsagt om sanninga tåler dagens lys.   


16:00

FRIDOMENS GRENSER

NILS RUNE LANGELAND. MARIT EIKEMO. Den ufrivillig heimvende vossingen, Nils Rune Langeland, snakkar med Marit Eikemo om Europas krigar og eigne kampar. I tre månadar reiste Langeland langs NATO si nye frontlinje, frå Kirkenes i nord til Georgia i sør, i eit Europa der fortida blandar seg med notida i ubereknelege samanhengar. 2017 opplevde Nils Rune Langeland eit personleg og fagleg fall, då han vart sagt opp frå stillinga si som professor ved Universitetet i Stavanger på grunn av «uakseptabel og uverdig åtferd». Sidan har han levd som arbeidslaus, på utsida av samfunnetDet er frå denne outsiderposisjonen han skriv om det nye Europa.


18:00

VETLES METODE

VETLE LID LARSSEN. MARIT EIKEMO. Få forfattarar er meir verbalt briljante enn Vetle Lid Larsen. I tillegg greier han som forfattar det kunststykket det er, å få fjern historie til å bli nær litteratur. Men korleis gjer han det? Kva er spora frå fortida som triggar oss i notida? Ja, kva er Vetle sin metode, når han skriv folkelesingar som Lucias siste reise og de stjernekyndige? Høyr og sjå Vetle Lid Larsen i samtale med forfattar Marit Eikemo.


20:00

SPRÅKSJOV LANGS LINJO – I VOSS KULTURHUS

LINDA EIDE. SJUR HJELTNES. GUNNSTEIN AKSELBERG. MORTEN SVARTVEIT. RAGNHILD HOLMÅS. Trioen frå Eides språksjov dukkar ikkje lenger opp på fjernsynet, men Langs Linjo dukker dei opp, så klart. Med same entusiasme, endå litt meir musikk, og minst like strålande gjester. Det blir språksnakk om Voss og verda, musikk og påfunn, og underhalding på høgde med det beste frå tv. Jadå, her gjeld det å selja skinnet før bamsen er skoten!

Med: Linda Eide, Sjur Hjeltnes, Gunnstein Akselberg. 

Feat. Skodespelar og vossing Morten Svartveit. Brageprisvinnar og hårreisande ordnerd Ragnhild Holmås.

OBS: Dette skjer altså i Voss Kulturhus.


22:00

KOK I KÅKEN

Litterær og musikalsk koking med utfall og innfall. Laus snipp, låge skuldrer og god stemning.

SUNDAG 1. SEPTEMBER


14:00

RIVENES LILLEGRAVEN EIKEMO – NÅR LIVET BLIR EIT DIKT

ANNE RIVENES. RUTH LILLEGRAVEN. MARIT EIKEMO. Anne Rivenes og Ruth Lillegraven har begge skrive dikt om eit anna liv enn sitt eige. Anne frå Bulken er debutanten som gav ut si fyrste bok i fjor. Ruth frå Granvin er veteranen som jamvel har vunne Brageprisen for sine forteljande dikt. No møtes dei til samtale med Marit Eikemo, som sjølv har gjort andre sine liv til stor prosa, seinast i den kritikerrosa boka «Vi er brødrene Eikemo».


16:00

JAZZ PÅ NYNORSK – MED MORTEN SVARTVEIT & CO.

MORTEN SVARTVEIT. DAVID WALLUMRØD. HÅVARD STUBØ. ERIK NYLANDER. Skodespelar og musikar Morten Svartveit jazzar oss ut av årets Langs Linjo. Vossingen, busett i Oslo, presenterer her ein eksklusiv førlytt  på haustens framsyning på Det norske teateret, Jazz på nynorsk. Eit knippe skodespelarar og musikarar frå ulike landsdelar har tatt utfordringa og grave i lokale og regionale songskattar der dei kjem frå. Med Jazz på nynorsk startar ei reise gjennom ulike folketonar i ei litt improvisert og jazza utgåve.


TAKK FOR ALL STØTTE FRÅ DESSE SAMFUNNETS STØTTESPELARAR


NFFO Norsk Faglitterær forfatter- og oversetterforening sin logo