SEMNINAR, KURS OG SAMLINGAR FOR NÆRINGSLIV OG ORGANISASJONAR
kapellankåken er eit sjelfull hus som er over hundre år gammalt (1906), og i den omfattande restaureringsprosessen er huset både tilbakeført og «framført». Med det meiner me at det verkeleg går an å føla at ein er i eit flott gammalt hus, samstundes som ein også kan driva med den «moderne» måten å tenkja og snakka og idémyldra på. Kapellankåken har alt teknisk utstyr ein treng for å halda foredrag, ha samtalar, visa film og bilde, bruka lyd og videooverføra deltakarar.
Tilrettelagt
Huset er såleis særs godt tilrettelagt for seminar, kurs, påfyllsdagar i omgivelser som er noko anna enn eit klassisk konferanserom. Huset ligg berre eit steinkast frå Voss jernbanestasjon, og hotella ligg like nært. Å bruka kapellankåken på dagtid og/eller kveldstid kan kombinerast på ulike måtar, både med bevertning og anna.
Ta kontakt for opplegg og pris etter avtale