Å LEIGA KAPELLANKÅKEN

Langbord kan fungera fint til ein konfirmasjon. Slik det ser ut her er det rekna til førti gjester.

Kapellankåken er organisert som eit ideelt as. Det vil seia at alle inntekter går til husets ve og vel. Huset blir drive på frivillig basis, men me prøver likevel å svara og vera til hjelp så fort me kan.

Takk for interessa! Helsing Trude, Jan og Linda.

Kulturarrangement

Kapellankåken er fyrst og fremst tenkt som ein kulturscene, og kan leigast av alle som vil arrangera noko i husets ånd. Konsertar, samtalar, foredrag, boklanseringer, kunnskapsdeling, kviss, underhalding, folkeopplysning i alle sjangrar. Scenen har rigg for lyd, lys og bilde.

Selskapslokale

Huset eignar seg òg godt til ulike selskap som konfirmasjon, dåp, runde dagar, sommaravslutning og andre hyggelege lag.

Seminar og møter

Huset er særs godt tilrettelagt for å kunne vera ein stad å ha seminar, kurs, påfyllsdagar, og alt slikt som krev at ein sit saman i omgivelser som er gode og sjelfullte. huset har topp bilde- og lydutstyr. Slike dagar kan tilretteleggast etter avtale.

Smaking og kurs

Det er funksjonell bar i huset. Og stovene eignar seg opplagt til sidersmakingskveldar, vinkurs, cocktailkveldar, og liknande.

Godt utstyr

Det er lyd- og bildeutstyr med topp kvalitet, med enkelt og tilpassa oppsett. Trådlause mikrofoner, videokanon og lerret. Oppkopling til internettoverføring, teams osb.

Supersentralt

Huset ligg rett ovanfor Voss Jernbanestasjon og det det er kort veg til kafe, restaurantar, overnatting, på Vangjen. 

Kapellankåken 17.mai 2023